Om eg ikkje hugsar feil, er det denne overskrifta WordPress bruker i bloggpost-malen sin. Eg bruker den for å informere om at eg framleis er i live, og lev i beste velstand. Bloggen min er også i live, forresten, men om han lev i beste velstand, kan vel diskuterast. Over til noko anna, noko lite originalt; eksamenstid. Eg reknar med at mange av mine medbloggarar allereie har skrive om dette temaet, men det er jo viktig å følge straumen, så eg gjer det, eg òg. Eg har ikkje kome opp i skriftleg, noko som vil seie at eg på komande tirsdag har munnleg eksamen, mest sannsynleg i eit musikkfag. På fredag får eg vite kva fag det blir, og så har eg heile helga + mandag å bruke på lesing. Dette er flotte greier, og dei velkjende eksamensnervane er per dags dato ikkje-eksisterande for meg. I skrivande stund er livet fantastisk: eg har vore ilag med gode vener dei siste 36 timane (ja, kontinuerlig), sett EM-kampar, Home and Away og eit par, tre gode filmar, i tillegg til å ha ete ufatteleg mykje god mat! Her på Sunnmøre høljar det ned, men sidan det høljar endå meir ned i Sveits og Austerrike, gjer ikkje dette så mykje; humøret er på topp likevel! Sidan det i forrige var sol, hadde vi fjelldag på skulen (må berre nemne at eg, Henrik og Trude vann kvar vår sjokolade i norsktimane vi hadde før fjelldagen, fordi vi var smartast). Denne dagen var det, for å setje det litt på spissen, fullt av lekre mannfolk i bar overkropp overalt kor eg gjekk. Eg tok også mitt første utandørsbad i Noreg i år! Dagen etter gjorde eg akkurat det same ilag med bror min; gjekk på fjellet først, bada etterpå. Deilig ting å gjere, skal gjerast meir når finvêret kjem att!

Dinglavatnet

Eg og Camilla tok også årets første snøbad!

(Dette var berre eit lite, positivt blogginnlegg frå mi side, for å prove at eg ikkje har forsvunne heilt.)

I dag gjorde eg ei god gjerning berre ved å sitje. Eg sat faktisk heilt stille, og løfta berre beina litt.

Etter skule gjekk eg ilag med ei venninne, for å sjå korleis det såg ut på hybelen hennar. Der såg det forsåvidt ikkje ut, men det gjer ingenting, for det er slik det er på alle hyblar. Dessutan har det ikkje noko med saken å gjere, for den gode gjerninga gjorde eg før vi gjekk inn. Då vi kom til utsida av huset der ho bur, såg vi eit eldre par og ein bil. For å vere litt meir forklarande kan eg kanskje nemne at mannen sto med ein spade i hendene, og dama sat i ein bil som spann: dei hadde køyrd seg fast. Vi sa nikka og smilte, sa eit lite hei, og før vi visste ordet av det, hadde vi tatt på oss å hjelpe dei. Eg forberedte meg på at vi anten måtte måke snø eller skubbe bil, men den gang ei. Alt vi skulle gjere, var å setje oss i bagasjerommet. Etter å ha sete der eit par minutt, kom dama og joina oss, og vips var bilen fri! “Det var dagens gode gjerning,” sa dama og smilte. “Ja, det gjorde seg med litt vekt,” lo mannen.

Denne posten er inspirert av Lars, som igjen er inspirert av http://ingridalexandra.blogspot.com/2008/01/google-lek.html. Så takk til dokke to.

Denne “leiken” går ut på at ein søkjer på “Navnet ditt + er” i google, og skriv opp dei første 10 treffa. Interessant.

  • Ingvil er ved godt humør.
  • Ingvil er også billedkunstner, og bytter bare ut penselen med pennen, når hun skriver sine sanger.
  • Det er difor logisk at INGvil er regelrett (Oi, dette var faktisk om meg sjølv!)
  • Ingvil er først og fremst en multikunstner.
  • Bedriften Opperud Ingvil er lokalisert i Hurdal kommune i Akershus fylke.
  • Ingvil er 25 år og kommer opprinnelig fra Mandal i Vest-Agder.
  • Når Ingvil er svolten, eller har lyst på noko godt, trur eg dette står i hovudet hennar: (bilete av ein slags youghurt, trur eg).
  • Bildet av Ingvil er ment som en illustrasjon til undersaken “Bedre miljø på skolen”.
  • Ingvil er søskenbarnet mitt på 15 år.
  • Åh, Joakim, Ingvil er snill og flink til å lære bort det hun kan.

Eg og Kristin har laga eit nytt system for norske særnamn, basert på JEsus og slikt frå 1600-talet. Finn ut resten her ein plass. Seriøst, det er genialt.

For eit par veker sidan såg eg oppfølgaren til Disney-filmen “Den lille Havfruen”, som er basert på eitt av H. C. Andersen sine eventyr. For dei få stakkarane som ikkje har sett verken den første eller den andre filmen, er hovudpoenga omlag slik: I den første filmen møter vi havfrua Ariel, som er dottera av kong Neptun (havets konge, faktisk). Ho er særs fascinert av menneskeverda, og endar opp med å få seg menneskekjærast, Erik, og blir til slutt menneske sjølv, gitt! I denne filmen er det sjøheksa Ursula som er the bad guy, men ho døyr naturlegvis. I oppfølgaren har Ariel og Erik fått ei dotter, Melody. Ho er særs fascinert av havet, og blir etter mykje om og men havfrue for ei stund. Medan ho er det, blir ho lurt av Ursula si søster, Morgana, til å stele den mektige forken (eller kjempegaffelen, om du likar det betre) til Neptun. Melody anar ikkje at Neptun er bestefar hennar, men når ho finn det ut, blir ho kjempelei seg og ordnar det slik at alt blir bra igjen. Morgana blir fryst inne i ei isblokk, og er dermed ute av leiken.

Den lille havfruenDen lille havfruen

Dette med global oppvarming får vel born snart inn med morsmelka. Men kva skal ein gjere med filmar som denne, der skurken blir fryst inne i ei isblokk? Isen kjem jo til å smelte, og skurken blir før eller sidan fri. Skal ein lage endå ein oppfølgar, eller kanskje ein ny slutt, der skurken heller blir sett i ein ørken for å tørke inn? Kanskje litt for drøyt for små born, det er trass alt meir vennleg å berre fryse folk fast, for då er det ingen som seier at dei døyr. Døden er ein dårleg ting i dei fleste barnefilmar. I tillegg hadde det vore veldig sært å plutseleg hatt eit sceneskifte frå Atlanterhavet til Sahara…

  • lærte kva ein Umbraco-nøkkel er.
  • fekk stipend for første gong, og byrja å ta ansvar for eigen økonomi.
  • nok ein gong ikkje reiste til Førde.
  • var på adventsfest i Dalsfjorden.
  • byrja å dirigere eit barne- og ungdomskor med 70 medlem.
  • forsto korleis ein knyter slipsknute.
  • var på Mallorca.
  • oppretta blog.
  • las Jane Eyre.
  • byrja å like å bruke pengar på CD-ar.
  • feira 17. mai i Volda.
  • fekk min første reine seksar på ein norskstil.
  • såg ein heil sesong av Scrubs på under 24 timar.

Desember er i gang. For fullt, minst. Eg er ferdig med julegåvene, og juleferien har akkurat byrja. Eg har vore på både juleball og julebord, gått rundt eit par, tre juletre, sunge dei same julesongane som eg song i fjor, og vaska ned både det eine og det andre. Lucia-feiring har det også blitt, med konsert i kyrkja og lussekattar på hybelkveld. Eg har sett ein typisk julefilm, der den foreldrelause jenta får bu hos den kjekke onkelen sin og den snille tanta si. I tillegg redder den foreldrelause jenta dei tre foreldrelause venninnene sine frå eit grusomt liv på barneheimen, og på juleaftan blir dei jammen det adopterte av den kjekke onkelen og den snille tanta, heile gjengen! Slikt får ein julestemning av, altså.

Ein annan ting som verkeleg fører med seg julestemning, er naturlegvis adventstida. Og til adventstida høyrer det sjølvsagt med ein adventsfest. I år var eg og Kristin så vågale at vi tok ferja til den andre sida av fjorden for å vere med på den berykta adventsfesten i Dalsfjorden. Og for eit styr det var! Først skulle vi begge vere med på laurdagskonsert i Volda kyrkje, men sidan den var ferdig i 1-2-tida var det ikkje noko problem. Vi skulle jo ikkje ta ferja som gjekk før i seks-tida uansett, trudde vi. Vi fekk beskjed om at vi måtte ta 16.15-ferja, og vips, så hadde vi dårleg tid. Ein kjapp dusj, rask pakking og påkledning blei det likevel tida til, i tillegg til at vi henta verdas største og tyngste fruktkorg på Mega. Så kjem vi då, ned til ferjekaia. For eit syn det må ha vore! To fjonge tenåringsjenter med støvlettar, tights og side toppar, på veg til Dalsfjorden med ei gedigen fruktkorg og kvar sin trillekoffert.

Verre skulle det bli. Då vi endeleg hadde kome oss ombord i ferja (dette var nemleg ganske vanskeleg, sidan støvletthælar og ferjelem ikkje kjem så godt overens), var vi så lure at vi bar med oss all bagasjen opp i salongen. Hadde vi tenkt oss litt betre om, og kanskje vore litt meir ferjevane, hadde vi nok sett den frå oss i gangen. Hadde vi gjort det, hadde vi kanskje ikkje fått så mange rare blikk som vi fekk. Då vi endeleg hadde kome oss på plass, skulle eg på do og sminke meg, for slikt må ein jo gjere om ein skal på fest! Då var det berre å stupe ned i trillekofferten for å finne sakene, men idet eg skulle til å gå, hinta Kristin ganske tydeleg frampå om at ho helst ikkje vil sitje der åleine. Så eg blei sitjande midt i salongen å sminke meg, som om ikkje vi var eit stort nok blikkfang frå før av, liksom. Kjempeflaut.

Vi kom oss til den andre sida til slutt. Der sto bilen til familien Koppen og venta på oss, og i laupet av turen mellom ferjekaia og skulen blei vi betre kjende med Erlend, far til Henrik, og Edvin, eit søskenbarn av Henrik. Då vi ankom Dalsfjord skule prøvde vi å entre staden med eleganse, men dette var visst fåfengt: Kristin miste liksågreitt ned heile fruktkorga, og sto så å ropte “nei, nei, nei” ganske lenge etterpå. Veldig underhaldande!

Etter eit par timar med ventetid, var festen endeleg igang. Etter mykje om og men kom maten, og vi kasta oss over han. Vi hadde iallefall gjort det om vi hadde fått mat, og ikkje berre kake. Drikke måtte vi også stort sett skaffe oss sjølve, men det gjekk fint, vi blei mette til slutt. Då sketsjane byrja, lo vi heile tida. Henrik-humoren var tydeleg, og eg braut ut i ufrivillig latter i tide og utide. Midt i festen skulle vi synge “Det lyser i stille grender”, og der skulle eg og Kristin, musikkelevane, ta skikkelig i. Resultat: Alle på naboborda snudde seg for å sjå kven som bomma så kraftig på “tindrande ljos”.

Då vi hadde venta lenge på at alle andre skulle rydde opp, tatt mange usaklige bilete, og ete enda litt meir mat, blei vi henta, og innstallerte oss på garasjeloftet i Koppen. Der var det reidd opp til meg og Kristin, men før vi la oss måtte vi berre sjå litt Mumfie. Som sagt, så gjort. Plutseleg hadde eg sovna, og før eg visste ordet av det, var det morgon. Ingen gauper eller hjortar forstyrra nattesvevnen, og etter ein god frukost gjorde vi på ingenting ganske lenge. Spelte litt spel og piano og sånn, og starta krig med veslebror til Henrik. Før vi reiste fekk vi hjortegryte med heimelaga tyttebærsyltetøy attåt, og hesteskoiskake til dessert. Usikkert om Kristin eigentleg likte noko av delane. Til slutt fekk vi vite at akkurat den datoen var det på dagen 20 år sidan mor til Henrik første gang overnatta i Koppen. Det var også etter ein adventsfest, akkurat slik som meg og Kristin. Ser vi eit mønster då, eller?

Hallvard

ingvil.jpg