You are currently browsing the monthly archive for juni 2007.
Då eg starta på Volda vgs. ante eg ikkje at “ordtaket” frå Herøy skulle stemme så bra: “De ekje bære bære å være Herøy-væring her i væra!”. Eg ante rett og slett ikkje at voldingar var så pirkete. Med voldingar snakkar eg forresten minst like mykje om ørstingar; dei er om mogleg enda verre.
Det eg i all hovudsak snakkar om no, er dialektforskjellane. Dei er ikkje store, og det er heller ikkje så mange av dei, men uttaler du ord som “rart”, “eventyr” og “irritert” feil, ja, då har du det gåande. Gjennom heile dette skuleåret, har eg fått kommentarar minst annankvar gong eg har åpna munnen for å seie noko som helst. Dette blir ein etter kvart ganske van med, og ein kan til og med venne seg av med desse små forskjellane. Eg prøvde det, men det enda berre med at eg stadig får refs her heime fordi eg ikkje snakkar “rett”. Hendelse!
Det er spesielt eitt ord som skiller seg ut i mengda av alle talefeilane ein ekte Herøy-væring har: bjynt. Sjølve ordet “bjynt” er ganske vanleg å bruke på Søre Sunnmøre, til dømes i setningar som “ho bjynt i går”, så det er vel meir bruken av ordet i Herøy som er litt spesiell. Her heiter det nemleg både at “ho bjynt no”, “ho bjynt i går”, “ho skulle bjynt” og “ho skal bjynt”. At det strid imot all logikk i norsk grammatikk er heilt uvesentleg, for vi Herøy-væringar set både det eine og det andre foran unødvendig lærdom som grammatikk. Bjynt kan brukast i alle samanhengar, ferdig med den saken.
Til slutt må eg berre nemne kaffe-fetisjen som samtlige voldingar (snakkar framleis like mykje om ørstingar) har. Eller som det verkar som om dei har, iallefall. Drikk du ikkje kaffe, er du mindreverdig. Spesielt visst ein er musikkelev. For å ta eit lite døme: Eg gjekk i gangen i 1. etasje, og hadde ein kopp med kakao i handa. Så kom einkvan bort til meg, og vi starta naturlegvis ein samtale. Midt i samtalen avbryt denne personen seg sjølv midt i ei setning for å seie “Åmmagaad, wannabe musikkelev da. Må no vere kaffe!”
Det kan forresten også hende at eg rett og slett berre kjenner feil folk.
Vel, då har eg òg laga min eigen blogg. Kanskje på tide, når eg tenkjer meg om. I dette aller første blog-innlegget skal eg prøve å skrive litt om meg sjølv, men det er slettes ikkje sikkert at dette blir nokon suksess.
Familie
Namnet mitt har du forhåpentlegvis fått med deg, så vi hoppar over den biten. Eg blei fødd 2. desember 1990, og opererer difor ofte med “… og eit halvt” når eg skal fortelle kor gammal eg er. Det er i bunn og grunn ganske tåpeleg, men eg gjer det likevel. Eg har ei mor og ein far, tre eldre brør og drøssevis med hybelkaniner (og fleire skal det bli). Vi bur litt utanfor Fosnavåg “sentrum”, men halvparten av oss har flytta ut og busett oss på litt meir siviliserte plassar. Eg har forresten fire besteforeldre også, to i Volda og to her heime.
Skule
Eg går på skule i Volda. No er eg ferdig med eitt år på musikklinja, og etter berre ei veke med ferie, vil eg tilbake. Ikkje fordi at det å gå på skule er så frykteleg kjekt, men eg har alltid likt meg i Volda, og likar med berre betre og betre. Dette mykje takka vere mi kjære kusine, Kristin (det nærmaste eg kjem ei søster), og elles stort sett kvar einaste person eg kjenner i Volda-Ørsta-området.
Interesser
Det fell seg vel naturleg å skrive musikk her. Eg har spelt piano ca. like lenge som eg har gått på skule. Dessverre var ikkje pianolæraren min like streng med leksene som alle andre lærarar var, så eg er ikkje på langt nær så god som eg kanskje kunne ha vore. Elles har eg alltid sunge i kor, og gjer det framleis. Har til og med stige litt i gradene og byrja med dirigering (framleis på lavt nivå, men det kjem seg).
Personar eg vil nemne berre fordi eg har lyst
Miriam Johanna, den einaste som hadde ledd om eg hadde sagt “du he hår!”, og den aller beste eg veit om.
Ingrid, eit must på leir, og ellers blant verdens beste menneske.
Henrik, min framtidige ektemann (visst morfar får det som han vil), og ein av mine beste venar.
Veronica, mi redning når eg er uoppdatert på ting som skjer, og elles nesten den einaste som ikkje hånar meg for “18,5 i gjennomsnitt”.


Kommentarar