Vel, då har eg òg laga min eigen blogg. Kanskje på tide, når eg tenkjer meg om. I dette aller første blog-innlegget skal eg prøve å skrive litt om meg sjølv, men det er slettes ikkje sikkert at dette blir nokon suksess.

 

Familie

Namnet mitt har du forhåpentlegvis fått med deg, så vi hoppar over den biten. Eg blei fødd 2. desember 1990, og opererer difor ofte med “… og eit halvt” når eg skal fortelle kor gammal eg er. Det er i bunn og grunn ganske tåpeleg, men eg gjer det likevel. Eg har ei mor og ein far, tre eldre brør og drøssevis med hybelkaniner (og fleire skal det bli). Vi bur litt utanfor Fosnavåg “sentrum”, men halvparten av oss har flytta ut og busett oss på litt meir siviliserte plassar. Eg har forresten fire besteforeldre også, to i Volda og to her heime.

Skule

Eg går på skule i Volda. No er eg ferdig med eitt år på musikklinja, og etter berre ei veke med ferie, vil eg tilbake. Ikkje fordi at det å gå på skule er så frykteleg kjekt, men eg har alltid likt meg i Volda, og likar med berre betre og betre. Dette mykje takka vere mi kjære kusine, Kristin (det nærmaste eg kjem ei søster), og elles stort sett kvar einaste person eg kjenner i Volda-Ørsta-området.

Interesser

Det fell seg vel naturleg å skrive musikk her. Eg har spelt piano ca. like lenge som eg har gått på skule. Dessverre var ikkje pianolæraren min like streng med leksene som alle andre lærarar var, så eg er ikkje på langt nær så god som eg kanskje kunne ha vore. Elles har eg alltid sunge i kor, og gjer det framleis. Har til og med stige litt i gradene og byrja med dirigering (framleis på lavt nivå, men det kjem seg).

Personar eg vil nemne berre fordi eg har lyst

Miriam JohannaMiriam Johanna, den einaste som hadde ledd om eg hadde sagt “du he hår!”, og den aller beste eg veit om.

IngridIngrid, eit must på leir, og ellers blant verdens beste menneske.

HenrikHenrik, min framtidige ektemann (visst morfar får det som han vil), og ein av mine beste venar.

VeronicaVeronica, mi redning når eg er uoppdatert på ting som skjer, og elles nesten den einaste som ikkje hånar meg for “18,5 i gjennomsnitt”.

CamillaCamilla, stemma og latteren som alle elskar, inkludert meg.