You are currently browsing the monthly archive for juli, 2007.
Då nærmar sommarens store høgdepunkt seg. Faktisk, så reiser eg i gryotta laurdag 21. juli. Om ca. 7 timar, med andre ord. For at du som lesar skal sleppe å bli så forvirra av alle forkortingane som kjem etterkvart, skal du få ei lita oversikt:
- KUL-turné = Krinsungdomskor (eller Kairos) UL-turné
- UL = Ungdommens landsmøte
- Kairos = krinsungdomskoret til NLM, Sunnmøre og Romsdal krins
- NLM = Norsk Luthersk Misjonssamband
Dette er tredje året på rad at eg er med som deltakar på UL, og eg er skikkeleg gira! I dag la eg merke til at det er første året eg faktisk er gammal nok til å delta, for aldersgrensa er “16+”. Første året var eg 14, andre året 15, og i år er eg endeleg 16. Men så skal det seiast at det skal leggjast til eit “og eit halvt” til kvart av desse tala, så eg var vel gammal nok i fjor òg.
No er eg akkurat ferdig å pakke. Gjett om eg får mykje å bere på! Ein fullstappa 75-literssekk, og ein enorm bag med telt og madrass, og alt som høyrer til. Blir artig å sjå om eg får plass til alt når eg skal heim, eg har nemleg tidlegare vist tendensar til å pakke dårlegare til heimreisa.
Og apropos reise. Vi -Kairos- skal først vere nokre dagar på Brandøy, som ligg eit lite stykke utanfor Haugesund. Trur eg. Tirsdag 24. juli forflyttar vi oss til Haugesund, der vi skal vere til søndagsmorgon. Heile laurdag 21., og søndag 29. går med til å køyre buss, men det skal vel alltids gå bra. Er jo berre 12-13 timar, liksom…
Så får vi berre satse på at vêret held seg.
I går natt såg eg ferdig dei siste episodene av Full Metal Alchemist, så no har eg sett alle 51. Slutten var veldig god, om enn kanskje litt forvirrande. Men slikt får ein berre tåle, serien er alt i alt ekstremt god underhaldning.
Det er vanskeleg å forklare kort kva serien handlar om. Alkymi, på godt og vondt, kan ein kanskje seie. Dei to hovudpersonane, unggutane Al og Ed Elric, prøver å gjenopplive mor si frå døden. Ikkje særleg lurt. Ed mister ei hand og ein fot, og får metall-erstatningar (derfor “Full Metal”). Al mister heile kroppen, men sjela blir bunden til ei rustning, så han er framleis i live. Etter dette startar dei på ei ferd for å få tilbake kroppane sine. Naturlegvis går ingenting som planlagt.
![]()
Noko betre forklaring klarar eg ikkje å gi utan å fortelle heile historia, så du får heller sjå sjølv. Eg veit forresten ikkje kor mykje som stemmer av dei “reglane” og all “forskinga” om alkymi som ein får fortalt om i serien, eg er jo tross alt ikkje nokon ekspert på området.
![]()
Til slutt har eg berre éin ting å seie: Sjå alle 51 episodene av Full Metal Alchemist. Du kjem ikkje til å angre.
Dette hadde dokke nok ikkje venta: Ingvil har blitt hekta på japansk teiknefilm. Men det er ikkje berre noko random anime-greier, nei, det er nemleg Full Metal Alchemist!
Det heile starta med at eg ikkje hadde nokon ting å gjere på, i dei seine nattetimar. Eg fekk eit tips frå ein ven om å sjå dette japanske styret, og sidan eg kjeda meg noko ekstremt, vart det til at eg såg første episoda. Eg var frykteleg skeptisk, men nysgjerrigheita vann over skepsisen. Etter berre nokre minutt ut i episoda forstod eg at dette var skikkelege saker!
Kvar episode er på 24 minutt og 9 sekund, og ca 4-5 minutt går med til “theme song” (som skiftar ca kvar 10. episode, så det er ikkje nokon god idé å prøve å lære den utanboks). All tale er på japansk, men det er engelsk tekst, så det går fint. Eg for min del sit alltid klar med den ultra-kule engelske ordboka som er lagt inn på dataen, i tilfelle det skulle komme opp ord eg ikkje forstår. Det gjer det naturlegvis heile tida, så ordboka får verkeleg gjennomgå. Når den i det heile tatt fungerer, vel å merke…
Så vidt eg har fått med meg, så er det laga 50 episoder. I skrivande stund har eg sett 40, med andre ord om lag 900 minutt, altså ca. 15 timar. Med tanke på at det ikkje ein gong er to døgn sida eg byrja å sjå, er dette nesten litt urovekkjande, og ikkje likt meg i det heile tatt. Men no når eg først har kome inni serien, er det ikkje snakk om å slutte! Dei ti siste episodene skal sjåast, og det før laurdag. På laurdag reiser eg nemleg til Haugesund, og blir borte i 8-9 dagar. Ikkje snakk om at dei siste episodene skal vente til dess!
Her er ein link til første episode. Ikkje sjå den dersom du ikkje har nokre timar til overs, for det er best å sjå nokre episoder i slengen, slik at du kjem inn i historia.
http://video.google.co.uk/videoplay?docid=-1752249142389237484&q=full+metal+alchemist
Skal oppdatere når eg har sett dei siste 10 episodene, so stay tuned!
Hjerna mi fungerar tidvis veldig rart. Spesielt når det gjeld assosiasjonar. Det første eg tenkjer på når nokon seier “Shakira”, til dømes, er boka “Momo” av Michael Ende. Logisk, ikkje sant? Ja, faktisk, ifølge mitt hovud. Sjå berre her: Då eg las Momo, høyrde eg på ein spesiell CD veldig mykje, der nr. 2 eller 3 var songen “Whenever, Wherever” av Shakira, og eg høyrde mykje på den songen medan eg las. Easy as that.
Eit anna eksempel er forresten “gjørme”. Eg kjem for alltid til å kople “gjørme” med “Camilla”. Ikkje fordi ho er spesielt gjørmete, men fordi vi var litt uheldige her ein dag, og gjekk heilt feil over ei mark. Resultatet ser du her:
Så slik funkar altså mi brilliante hjerne (nokon vil kanskje påstå at “brilliant” og “Ingvil si hjerne” ikkje burde vere i same setning, men det får så vere). Med andre ord: Dersom eg plutseleg blir litt fråverande midt i ein samtale, har du nesten garantert sagt noko som hjerna mi koplar med noko heilt anna.
Litt retting og tillegg frå Eyvind (sjå forrige innlegg), som stort sett kan mykje meir enn meg om det meste.
“katta i sekken” kommer fra et eventyr, “å kjøpe katta i sekken” vil si at man kjøper noe man ikke har sett/som man ikke vet hva er, og det betyr som regel at man blir lurt.
“jøss” er derivert fra “Jesus” og blir sett på som et svært stygt banneord hos gamle damer… jeg snakker av erfaring.
Slik. Det er altså ikkje ein bra ting å ha det som katta i sekken. Takk, Eyvind.
No skal eg ta føre meg nokre av dei uttrykka eg kjem på som eg tykkjer er rarast. Slik som “i dann og vann”, til dømes. Kva har vatn å gjere med at noko skjer av og til? Det er det nok ikkje mange som veit. Ein kan kanskje få litt meir meining ut av “i ny og ne”, men eg veit ikkje om eg sjølv hadde villa gjort ting berre fordi månen var i ny eller i ne.
Så har vi “som katta i sekken”, som etter mi meining er heilt meiningslaust. Det skal visst vere ein bra ting å ha det som ein katt i ein sekk, men korleis kan dette stemme? Sannsynlegvis har katten lite med plass, sidan han er innestengd, og han ser vel strengt tatt nesten ingenting. Og dersom sekken er laga av groft stoff, så klør det kanskje litt også. For sekken sin del er det nok ikkje særleg behageleg å ha ein romsterande og rastlaus katt inne i seg, som gjer alt han kan for å kome seg ut (dette inkluderer skarpe klør!). I tillegg må både sekken og katten tolerere å bli slått på, for som vi alle veit så slår ein på “katta i sekken” på alle barnehage-karneval. Det gjorde iallefall eg, men av ein eller annan grunn forandra alltid katten seg om til godteri rett før han kom ut…
Uttrykket “pina det!” (som i “no fe du pina det sjå til å kome dej innatte!”) kjem naturleg nok av ordet “pine”, vil eg anta. Men når denne sinte mora ropar etter sonen sin at han må kome heim, seier ho då at ho pinast ved å sjå at han framleis er ute, eller skal han bli pint dersom han ikkje kjem innatt snart? Sannsynlegvis sistnemnde, men ein kan aldri vite.
Elles har vi ord og uttrykk som “jøss”, “trøste og bære” og ikkje minst “håddu”, der ein kan legge til både “tid” og “syn”. Eg har ikkje den fjernaste aning om kvar dette hådduet kjem frå, men dersom eg skulle ha lata som om eg hadde alle svar, hadde eg brukt denne forklaringa: Ein gong, for lenge sidan, levde det ein klok mann her på Sunnmøre (kloke menn er nesten ei utdøydd rase no, forresten). Han hadde eit veldig rampete barnebarn, som alltid likte å tulle og tøyse. Ein morgon kom han hoppande inn på soverommet til den sovande bestefaren, med ein stor tuba som han hadde funne på loftet, og blåste så hardt han berre klarte i den. Den kloke mannen hoppa ut av senga, og skvatt så mykje at han berre brølte ut “neimen håddu!!”, og sidan den dagen har det vore eit mykje brukt uttrykk på Sunnmøre. Nemleg.
I går kom eg heim etter å ha vore ei veke på Mallorca. Eg hadde aldri vore der før, men før eller sidan må ein vel berre dit. Eigentleg har eg ikkje så mykje å fortelle, anna enn at eg hadde det veldig fint. Eg reiste ilag med mor mi, mormora mi og søskenbarnet mitt, Kristin. Der var stort sett fint vêr, og vi blei sjølvsagt solbrende, alle saman. Men slikt kan ein leve med, det går tross alt over etter eit par dagar.
Dette var mi aller kortaste utanlandsreise nokon gong. Einaste unntaket kan vere i 95 og 96, då vi berre var i Sverige og Danmark, men dei feriane hugsar eg absolutt ingenting av. Familien Håberg har hatt for vane å reise ganske langt på ferie, og helst i bil. Vår kjære jamaica-blå Volkswagen Caravelle har køyrt X antal mil gjennom nesten heile Europa, fullstappa med ungar, bagasje, puter og dyner.
Ei lita og ekstremt unøyaktig oversikt over utanlandsturane mine:
- 97: Italia (Porto Garibaldi)
- 98: Lanzarote
- 99: Italia (Porto Garibaldi)
- 00: Storbritannia og Danmark
- 02: Italia
- 03: Estland, Latvia, Litauen og Polen
- 04: Sveits og Østerrike
- 05: Rhodos (+ dagstur til Tyrkia) og skuletur til Polen og Tyskland
- 06: Frankrike (Paris), Andorra, Spania og Portugal (Carcavelos)
- 07: Mallorca (Alcudia)
Til saman har eg vore i 34 statar, men har enda ikkje vore utanfor Europa sine grenser. Dette skal eg etterkvart gjere noko med, men først og fremst er målet mitt å besøke alle land i Europa.



Kommentarar