You are currently browsing the daily archive for juli 8th, 2007.

I går kom eg heim etter å ha vore ei veke på Mallorca. Eg hadde aldri vore der før, men før eller sidan må ein vel berre dit. Eigentleg har eg ikkje så mykje å fortelle, anna enn at eg hadde det veldig fint. Eg reiste ilag med mor mi, mormora mi og søskenbarnet mitt, Kristin. Der var stort sett fint vêr, og vi blei sjølvsagt solbrende, alle saman. Men slikt kan ein leve med, det går tross alt over etter eit par dagar.

Kristin og Ingvil

Dette var mi aller kortaste utanlandsreise nokon gong. Einaste unntaket kan vere i 95 og 96, då vi berre var i Sverige og Danmark, men dei feriane hugsar eg absolutt ingenting av. Familien Håberg har hatt for vane å reise ganske langt på ferie, og helst i bil. Vår kjære jamaica-blå Volkswagen Caravelle har køyrt X antal mil gjennom nesten heile Europa, fullstappa med ungar, bagasje, puter og dyner.

Ei lita og ekstremt unøyaktig oversikt over utanlandsturane mine:

  • 97: Italia (Porto Garibaldi)
  • 98: Lanzarote
  • 99: Italia (Porto Garibaldi)
  • 00: Storbritannia og Danmark
  • 02: Italia
  • 03: Estland, Latvia, Litauen og Polen
  • 04: Sveits og Østerrike
  • 05: Rhodos (+ dagstur til Tyrkia) og skuletur til Polen og Tyskland
  • 06: Frankrike (Paris), Andorra, Spania og Portugal (Carcavelos)
  • 07: Mallorca (Alcudia)

Til saman har eg vore i 34 statar, men har enda ikkje vore utanfor Europa sine grenser. Dette skal eg etterkvart gjere noko med, men først og fremst er målet mitt å besøke alle land i Europa.