No skal eg ta føre meg nokre av dei uttrykka eg kjem på som eg tykkjer er rarast. Slik som “i dann og vann”, til dømes. Kva har vatn å gjere med at noko skjer av og til? Det er det nok ikkje mange som veit. Ein kan kanskje få litt meir meining ut av “i ny og ne”, men eg veit ikkje om eg sjølv hadde villa gjort ting berre fordi månen var i ny eller i ne.
Så har vi “som katta i sekken”, som etter mi meining er heilt meiningslaust. Det skal visst vere ein bra ting å ha det som ein katt i ein sekk, men korleis kan dette stemme? Sannsynlegvis har katten lite med plass, sidan han er innestengd, og han ser vel strengt tatt nesten ingenting. Og dersom sekken er laga av groft stoff, så klør det kanskje litt også. For sekken sin del er det nok ikkje særleg behageleg å ha ein romsterande og rastlaus katt inne i seg, som gjer alt han kan for å kome seg ut (dette inkluderer skarpe klør!). I tillegg må både sekken og katten tolerere å bli slått på, for som vi alle veit så slår ein på “katta i sekken” på alle barnehage-karneval. Det gjorde iallefall eg, men av ein eller annan grunn forandra alltid katten seg om til godteri rett før han kom ut…
Uttrykket “pina det!” (som i “no fe du pina det sjå til å kome dej innatte!”) kjem naturleg nok av ordet “pine”, vil eg anta. Men når denne sinte mora ropar etter sonen sin at han må kome heim, seier ho då at ho pinast ved å sjå at han framleis er ute, eller skal han bli pint dersom han ikkje kjem innatt snart? Sannsynlegvis sistnemnde, men ein kan aldri vite.
Elles har vi ord og uttrykk som “jøss”, “trøste og bære” og ikkje minst “håddu”, der ein kan legge til både “tid” og “syn”. Eg har ikkje den fjernaste aning om kvar dette hådduet kjem frå, men dersom eg skulle ha lata som om eg hadde alle svar, hadde eg brukt denne forklaringa: Ein gong, for lenge sidan, levde det ein klok mann her på Sunnmøre (kloke menn er nesten ei utdøydd rase no, forresten). Han hadde eit veldig rampete barnebarn, som alltid likte å tulle og tøyse. Ein morgon kom han hoppande inn på soverommet til den sovande bestefaren, med ein stor tuba som han hadde funne på loftet, og blåste så hardt han berre klarte i den. Den kloke mannen hoppa ut av senga, og skvatt så mykje at han berre brølte ut “neimen håddu!!”, og sidan den dagen har det vore eit mykje brukt uttrykk på Sunnmøre. Nemleg.

4 comments
Comments feed for this article
juli 11, 2007 kl. 6:01 pm
Malin
“hårreheitede” e også et flått ord.
juli 11, 2007 kl. 6:07 pm
Ingvil
Hm, ja, det e igrunnen det. Litt i samme kategorien som “håddu”.
juli 13, 2007 kl. 1:05 am
Henrik
Kan det vere at Herøyveringen våra he blitt litt miljøskadd etter diverse formar for kontakt med ørstingar og voldingar i ti månandar, og har no starta å henge sej opp i ord og uttrykk?
juli 13, 2007 kl. 1:06 am
Ingvil
Neheeida, det kan iaaallefall ikkje vere tilfelle… Ej berre fascinera mej for språk, faktisk.