You are currently browsing the daily archive for juli 21st, 2007.

Då nærmar sommarens store høgdepunkt seg. Faktisk, så reiser eg i gryotta laurdag 21. juli. Om ca. 7 timar, med andre ord. For at du som lesar skal sleppe å bli så forvirra av alle forkortingane som kjem etterkvart, skal du få ei lita oversikt:

  • KUL-turné = Krinsungdomskor (eller Kairos) UL-turné
  • UL = Ungdommens landsmøte
  • Kairos = krinsungdomskoret til NLM, Sunnmøre og Romsdal krins
  • NLM = Norsk Luthersk Misjonssamband

Dette er tredje året på rad at eg er med som deltakar på UL, og eg er skikkeleg gira! I dag la eg merke til at det er første året eg faktisk er gammal nok til å delta, for aldersgrensa er “16+”. Første året var eg 14, andre året 15, og i år er eg endeleg 16. Men så skal det seiast at det skal leggjast til eit “og eit halvt” til kvart av desse tala, så eg var vel gammal nok i fjor òg.

No er eg akkurat ferdig å pakke. Gjett om eg får mykje å bere på! Ein fullstappa 75-literssekk, og ein enorm bag med telt og madrass, og alt som høyrer til. Blir artig å sjå om eg får plass til alt når eg skal heim, eg har nemleg tidlegare vist tendensar til å pakke dårlegare til heimreisa.

Og apropos reise. Vi -Kairos- skal først vere nokre dagar på Brandøy, som ligg eit lite stykke utanfor Haugesund. Trur eg. Tirsdag 24. juli forflyttar vi oss til Haugesund, der vi skal vere til søndagsmorgon. Heile laurdag 21., og søndag 29. går med til å køyre buss, men det skal vel alltids gå bra. Er jo berre 12-13 timar, liksom…

Så får vi berre satse på at vêret held seg.

I går natt såg eg ferdig dei siste episodene av Full Metal Alchemist, så no har eg sett alle 51. Slutten var veldig god, om enn kanskje litt forvirrande. Men slikt får ein berre tåle, serien er alt i alt ekstremt god underhaldning.

Det er vanskeleg å forklare kort kva serien handlar om. Alkymi, på godt og vondt, kan ein kanskje seie. Dei to hovudpersonane, unggutane Al og Ed Elric, prøver å gjenopplive mor si frå døden. Ikkje særleg lurt. Ed mister ei hand og ein fot, og får metall-erstatningar (derfor “Full Metal”). Al mister heile kroppen, men sjela blir bunden til ei rustning, så han er framleis i live. Etter dette startar dei på ei ferd for å få tilbake kroppane sine. Naturlegvis går ingenting som planlagt.

FMA

Noko betre forklaring klarar eg ikkje å gi utan å fortelle heile historia, så du får heller sjå sjølv. Eg veit forresten ikkje kor mykje som stemmer av dei “reglane” og all “forskinga” om alkymi som ein får fortalt om i serien, eg er jo tross alt ikkje nokon ekspert på området.

FMA 2

Til slutt har eg berre éin ting å seie: Sjå alle 51 episodene av Full Metal Alchemist. Du kjem ikkje til å angre.