You are currently browsing the daily archive for august 5th, 2007.

Landeplaga på UL: “I’ll fly away” – Lars Bårdsen. Den gjekk kontinuerlig frå tirsdag til søndag. Greitt nok når Bårdsen sjølv song han, men når alle andre fann ut at dei var verdsmeistrar i song, vart det fort litt mykje. Eg er ikkje noko unntak sjølv, forresten, men det var ikkje min feil. Den berre klistra seg til hjerna, og sto på repeat. Og sidan kvar einaste setning i heile songen slutta med “I’ll fly away”, var liksom ikkje teksten så vanskeleg å lære seg.

Og når det gjeld pakkinga mi til heimreisa, så… Vel, eg kjøpte ein liten bag ekstra, eg.

No har eg vore heime i ei veke. Ei særs lite givande veke, men like fullt ei veke. Etter UL, der ein har folk rundt seg 24/7, blir liksom livet her heime litt tamt. Så med unntak av ein totimers lang samtale med Erlend i natt, har denne veka vore ganske…keisam. Foreldra mine er bortreiste, og eldste bror min, Audun, har fått kyssesjuka. Elles er det lite nytt. Men tilbake til saken: KUL-turné og UL 2007!

Vi starta ca. 08.30 frå Frøystad, i minibuss. Det var litt krøbelt til vi kom til Volda, men der møtte vi store-bussen med resten av koret, og ein av passasjerane i minibussen gjekk over dit. Så køyrde vi vidare til Haugesund, med eit 45-minutters stopp i Sogndal (eg og Miriam brukte halve tida på å finne do. Den andre halvdelen gjekk med til å handle bananer og mini-gulrøter). Elles hadde vi nokre ikkje-planlagde stopp på eit par ferjekaier. Vi i minibussen plukka opp Veronica i Ølen, og var framme på Brandøy i kveldinga ein gong. Kanskje ca. i 22-tida? Hugsar ikkje.

Vi installerte oss på romma, som forresten hadde eige bad og dusj, og eg, Veronica, Helene og Anne delte rom i dei 3 døgna vi var der. Resultatet kan du sjå nedanfor. Der har sannsynlegvis eg og Helene sunge “you can leave your hat on” høgt og skjærande, medan Anne og Veronica ser oppgitt på oss. Eg held forresten på å fjerne sminke, dersom du skulle lure på kva alt det svarte rundt augene mine er…

You can leave your hat on

På Brandøy var alt veldig fint. Vi hadde bibeltimar, delekveld og naturlegvis kor-øvingar, sidan vi er eit kor. Vi song på eit bedehus på søndagen, og der var faktisk ein heil del folk! Dette kom nesten som eit lite sjokk, med tanke på kor “mange” som elles brukar å dukke opp på slike tilstelningar, liksom. Flott for oss i koret at folk i Haugesund har lite å gjere på på søndagar!

Vi song også på eit kjøpesenter i Ølen! Eller kanskje eg burde seie kjøpesenteret i Ølen, sidan der var særs få andre kjøpesenter å sjå. Dette var kult. Kult fordi folk faktisk stoppa og høyrde på oss, men enda kulare fordi Eyvind brifa med Taekwondo-ferdigheitene sine. Han knuste både treplater og takstein, men sa etterpå at “søren, e skulla tatt flere takstein!”. Til informasjon, så knuste han 4 takstein på ein gong.

 

Taekwondo

Medan vi var på Brandøy, var vêret fint, og vi var mykje ute. Mykje volleyball, fotball og bading, og ikkje minst berre det å sitte ute å koseprate. Vi reiste frå Brandøy tirsdag formiddag, og gjekk rett til innsjekkinga etter eit stopp på “Biltema”, der folk kjøpte presenningar og party-telt. Etter å ha stått nesten ein time i kø for innsjekking og registrering, fekk vi -eg og Veronica- endelig tildelt teltplass og eit “UL-armband” i feil farge. Det å sette opp teltet var igrunnen enklare enn forventa, og det tok ikkje så lang tid før vi hadde fått installert oss i kvart sitt rom i teltet.

Men så var det dette vêret då. I forrige innlegg skreiv eg at eg håpte vêret heldt seg, men det gjorde det sjølvsagt ikkje. Frå og med fredag regna det igrunnen konstant, og det var i tillegg mykje sterk vind. Resultat: innandørs badebasseng… For meg og Veronica ordna det seg ganske fint, men for andre var det reine katastrofa! Vi kom heim fredag ettermiddag etter ein bytur, og møtte ei berrføtt Marie Clausen, som nærmast sprang mot campingen. Vi spurte naturlegvis kva som hadde hendt, og ho sa med eit smil “nei, vi evakuerer vi, nå!”. I teltet deira, der det hadde sove 9 jenter, hadde dei vatn til anklane! Så godt som alt var vått, men dei fekk i det minste sjekka om madrassene deira flaut godt på vatn. Det gjorde dei. Seinare møtte vi på Eveline og Karina, som også hadde fått all bagasjen sin gjennomvåt. Då Veronica og eg kom bort til vårt eige telt, såg vi at 3 pluggar hadde løsna, og at det hadde regna inn på innerteltet. Minst halvparten av Veronica sine ting var klisj, men alt mitt var tørt. Dei to siste nettene hadde vi ei madrass på deling, men det gjorde ikkje så mykje, vi sov så lite uansett.

 

Veronica i teltet

Til tross for dårleg vêr, våte kle og lite søvn var der éin ting som plaga dei aller fleste meir enn noko anna: sniglar, i drøssevis! Ikkje slike sniglar med skal, som ein berre kan plukke vekk, men ekle, store, slimete monster! Dei var overalt! Samme kvar du gjekk, kunne du sjå minst 10 sniglar rundt deg. Spør du meg, må dette vere det eklaste og mest unødvendige Gud har skapt. Men det finnast vel ein grunn for alt her i verda.

 

Snegle

 

Det var likevel sommarens høgdepunkt, når alt kjem til alt.