You are currently browsing the daily archive for august 8th, 2007.

I dag slengde eg meg på den nyaste og hottaste trenden: Kjøp eit nytt piano! (jf. Henrik sitt innlegg, “O deilige Sauter“) Dessuten kjøpte pappa ein el-bass også, fordi han ville ha det. Snart har vi vel reine husorkesteret her, med X antal gitarar, to piano, ein bass og kanskje ei blokkfløyte? Dessutan har vi to mikrofonar også. Og som om ikkje det var nok, så har eg høyrt snakk om eit el-slagverk òg. Med andre ord, så har vi to val for å få dette til å fungere: Plan A: Tilkalle resten av slekta. Plan B: Anskaffe fleire nære familiemedlem. (Eventuelt plan C: Ikkje bry seg så frykteleg mykje om dette husorkesteret. Trur eg går for C, eigentleg.)

img_0635.jpg

Mitt ny-anskaffa piano:Yamaha P-70.

 

Bass

Nye-bassen, ein Yamaha et-eller-anna.