I dag slengde eg meg på den nyaste og hottaste trenden: Kjøp eit nytt piano! (jf. Henrik sitt innlegg, “O deilige Sauter“) Dessuten kjøpte pappa ein el-bass også, fordi han ville ha det. Snart har vi vel reine husorkesteret her, med X antal gitarar, to piano, ein bass og kanskje ei blokkfløyte? Dessutan har vi to mikrofonar også. Og som om ikkje det var nok, så har eg høyrt snakk om eit el-slagverk òg. Med andre ord, så har vi to val for å få dette til å fungere: Plan A: Tilkalle resten av slekta. Plan B: Anskaffe fleire nære familiemedlem. (Eventuelt plan C: Ikkje bry seg så frykteleg mykje om dette husorkesteret. Trur eg går for C, eigentleg.)
Mitt ny-anskaffa piano:Yamaha P-70.
Nye-bassen, ein Yamaha et-eller-anna.



1 comment
Comments feed for this article
desember 29, 2007 kl. 3:13 am
Pianotrend 3 « Kristin sin
[...] 29, 2007 in Musikk Så har eg hive meg på pianotrenden (sjå her og her), eg òg, og skaffa meg eit flunkande nytt digitalpiano, Yamaha CLP-240. Kanskje eigentleg litt i [...]