You are currently browsing the daily archive for august 11th, 2007.
- Turmål: Bladet, ca. 1350 moh
- Dato: 09.08.07
- Start-tid, bil: 08.45, Fosnavåg
- Start-tid, gå: 10.50, Barstadvika
- Heime: ca. 18.30
- Vêr: Skodde
- Tur-gåarar: Helge Håberg (51), Ingvil Håberg (17), Veronica Madsen (17), Roger Kvalsvik (52), Miriam Kvalsvik (17) og Birgitte Grongstad Kvalsvik (20-eit-eller-anna)
No kunne eg ha skrive eit laaangt innlegg om turen vår til Molladalen, men eg skal vere kortfattig. Målet vårt var som sagt Bladet, men så langt kom vi aldri, grunna tåke tjukkare enn risengrynsgraut. Vi brukte litt over to timar på å kome oss til Molladalen, og så venta vi i om lag to og ein halv time på at skodda skulle lette, men det gjorde den altså ikkje. Grunna denne skodda, gnagsår og uvisse om vegen vidare, skreiv vi ei helsing i “hytteboka” til Reiulf Steen, og gjekk tilbake til bilen. Like greitt, sjølv om det var litt surt å ikkje kome seg til Bladet, sidan det hadde vore dødskult å klatra der. Men sjølv om turen i seg sjølv var “mislykka”, har eg nok aldri flirt så mykje på ein fjelltur før! Det var god stemning frå byrjing til slutt, og vi hadde det veldig kjekt ilag. Vi satsar vel på repitisjon ein gong, men då helst utan skodde…

Kommentarar