You are currently browsing the daily archive for august 26th, 2007.

No har skule starta på igjen. Dette er noko mange ser på som dumt, men eg for min del synest dette er heilt fantastisk. Eg har sakna Volda, og endeleg blei mine sterke abstinensar etter eit ordentleg sosialt liv utfylde! Og no har eg altså budd mi første veke på hybel også, kanskje Ingvil held på å bli vaksen? (med trykk på “kanskje”)

Kjekke ting som har skjedd/skal skje denne hausten:

  • Vi fekk Liss-Hege i norsk, woho!
  • Eg har framleis motivasjon til å gjere skulearbeid, sjølv etter ei veke på skule, dette må vere rekord!
  • Eg treng ikkje lenger å stå opp kvart over fem om morgonen.
  • Eg kan velje om eg vil gå, sykle eller ta buss til skulen.
  • Eg får bestemme kva eg vil ha til middag, kva eg vil sjå på TV og når eg vil legge meg. Hurraaa!
  • Eg skal byrje å dirigere Sør-Krasp ilag med Sunniva.
  • Henrik fyller år, og skal ha “selskapet” med meg, sjølv om der ikkje er plass.
  • Matematikkfaget er på same nivå som det var på i fjor.
  • Eg kan vere med på ting etter skulen i Volda utan å måtte ha nødovernattingar.

Mindre kjekke ting som har skjedd/skal skje denne hausten:

  • Eg må ta oppvasken sjølv.
  • Hybelkaninene har allereie starta å formeire seg.

Som vi alle ser, består livet mitt stort sett berre av positive ting. For eit skuleår dette blir, altså!

NB!  Gratulerer sååå mykje med 17-års dagen din, Henrik!