You are currently browsing the monthly archive for september, 2007.
Frå onsdag til fredag var eg i Oslo. Eller, det er vel rettare sagt å påstå at eg køyrde i buss på onsdag, var i Oslo på torsdag, og gjorde begge deler på fredag. På fredag reiste eg forresten rett til Rjåneset, der eg hadde mi første øvingshelg med KRASP Sør (Krins Aspirantkor), der eg frå no av er ca. dirigent. Veldig, veldig kjekt, men relativt krevjande. Der var forresten ein deltakar som -når vi snakka om Moses og Raudehavet- foreslo at “når vi får ein hær etter oss, kan vi berre ta ferja”. Dei skulle kanskje hatt ferjer på Moses si tid, så hadde Gud sleppt at alle moglege slags folk prøver å forklare korleis havet delte seg.
Men tilbake til Oslo-turen. Målet var Hillsong United-konsert i Oslo Spektrum, og det målet nådde vi med god margin. Vi reiste frå Moa ca. 16.30, onsdag ettermiddag, og var framme 03.30 i Oslo. No lurer du kanskje på korleis vi klarte å bruke så lang tid på å kome oss dit? Det var faktisk ikkje så mykje som skulle til. Vips, så kokte motoren over, og vips, so sprakk ein slange. Og der satt vi, midt uti ingenmannsland, og venta på ein mekanikar frå Lillehammer. Han kom, og han fiksa problemet, men etter denne hendinga hadde vi ikkje varmeanlegg, så då var det fram med tjukke-jakka. Når vi endeleg kom oss til Oslo by, var det beikmørkt, og etter nokre tafatte forsøk på å finne den frikyrkja vi skulle sove i, kom vi fram til at GPS måtte vere løysinga. Og det var det også, så vi kom oss heilskinna fram etter skarve 13 timar i buss.
Då torsdagen kom, var (så godt som) alle innstilt på shopping, så det var det det gjekk i frå 12-16. Eg møtte Henrik midt i Oslo, det var litt kult. Konserten byrja klokka 19, så i 18-tida møttest vi og fekk billettane våre. Konserten var utruleg bra, og ei vannvittig kjekk oppleving! (No står det berre att å skrive ein konsertkritikk i musikkformidling…)

Her var det 6000 menneske!
På fredag kom vi oss av garde rundt 11, men måtte inn i Oslo for å hente nokre passasjerar. Dét var litt av eit styr, det! GPS-en vart plutseleg vår verste fiende (sjølv om det viste seg at den hadde rett heile tida), og vi køyrde oss fast både her og der. Men vi fann fram til slutt, og så ordna alt seg. Vi kom oss heim heilskinna, trøytte, utslitne og lykkelege. Fantastisk.
I går hadde vi felles songtime. Det var først veldig skummelt, og så var det berre kjekt. Alle var dødsflinke, og eg blei reint sett ut av nivået. Kjempegøy!
I dag fekk eg gratis middag, spandert av skulen. Ikkje så dumt å spandere pizza og brus på alle oss stakkars hybelbuarar, som knapt har råd til det så ofte omtala daglege brødet. Vi får også bli kjende med andre som har forvilla seg på hybel til uoversiktlege Volda, og det er jo alltid greitt å kjenne mykje folk der ein bur.
Det aller, aller kjekkaste med desse to tinga, er likevel allsongen, som vår alles kjære Merethe Welle så livlig dreg i gang! Ho prøver iallefall, og det er jo det som tell. Tross alt er det kanskje litt lettare å få 7 songelevar til å synge høgt, enn ein gjeng med sjenerte ikkje-musikkelevar, liksom. Men kjekt er det likevel.
Eg kan herved stadfeste at både felles songtimar, hybelbuarkveldar og allsong er klare ja-ting.
Eg kjem aldri til å bli nokon god komponist. Anten det gjeld blues, jazz, klassisk, pop eller rock. Det er berre å innsjå det. Mitt musikalske talent går igrunnen ikkje lenger enn til å spele det som står på notane, og eg har klart meg fint med den kunnskapen heile livet. Fram til no. Eg har forresten aldri vore nokon improvisasjonist heller, og det har heller ikkje vore noko problem for meg. Fram til no. Leksa mi er nemleg å lage eit 12-takters blues-skjema, og for ein person med mine begrensingar er dette ei ganske uovervinneleg oppgåve. Æsj.
Så her sit eg då, frustrert og irritert over å ikkje få til dette blues-skjemaet. Eg har bestemt meg for at eg utsett oppgåva pittelitt til, fordi eg har anna lekse som må gjerast, og fordi eg sit heilt bom fast. Etter å ha skrapa ihop sju takter som slettes ikkje liknar på blues i det heile, tek eg meg rett og slett ei lita pause. I teorien burde denne oppgåva vere ganske lett for meg, men så er det no ein gong slik at teori og praksis ikkje er det same. Eg likar teorien, eg. Han er der berre, klar til å lærast bort til kven som måtte trenge det. Stabil og uforanderleg (iallefall nesten). Praksisen derimot, har som hobby å gjere at eg ikkje får til ting. Tankegangen min blir difor særs ofte som følgjer når eg får oppgåver som er lette i teorien, men litt vanskelegare i praksis:
1. JESS, dette er jo kjempelett!
2. Ok, denne oppgåva skal eg vel klare ganske greitt, vil eg tru.
3. Æsj, eg får ikkje til dette. Help, anybody?
Alt dette er litt små-deprimerande, spesielt sidan det virkar som om alle andre kan hive ihop ein blues på null komma niks! Eg vurderer alltid å søkje meg over til engelsk etter at eg nok ein gong ikkje har klart å lage eit patetisk blues-skjema (dvs. ca. 2-3 gongar hittil i år, noko som kanskje ikkje er så ille, likevel). Eg vurderer det, heilt til eg kjem på at sjansane for at det einaste eg skal gjere dei neste to åra er å lage blues, er relativt liten. Håper eg. Inderleg.
I tillegg til å vere dårlig på komponering, er eg dødsdårleg når det kjem til det å ha på dynetrekk.

Kommentarar