You are currently browsing the monthly archive for oktober, 2007.
Eg skal skrive konsertkritikk. Innleveringsoppgåve i musikkformidling. Problemet er at eg plutseleg ikkje har berre ein konsert å skrive om, for i haust har liksom konsertlivet mitt tatt litt av. Iallefall i forhold til resten av livet mitt. Først var det, som tidligare nemnt, konserten i sjølvaste Oslo Spektrum. Det var denne eg først tenkte eg skulle skrive om, i og med at eg ikkje trudde eg skulle på fleire konsertar, iallefall ikkje fleire skikkelege konsertar. Men der tok eg sanneleg feil, gitt!
Forrige måndag, for vél ei veke sidan, spurte Kristin om eg ville vere med på Valkyrien Allstars-konsert. Eg var litt skeptisk, men heldigvis har Kristin ei god overtalingsevne, så ho fekk bestille billettar. Kvelden etter var vi difor på Ørsta kulturhus, og opplevde ein heidundrades flott konsert! Valkyrien Allstars kan jammen å spele, altså. Vannvittig kult! Etter denne konserten tenkte eg at no kunne eg kanskje skrive om denne konserten istaden, og så berre bli ferdig med den innleveringsoppgåva. Men det var fleire konsertar i vente for meg!
Onsdag kveld i forrige veke fekk eg ein smådesperat telefon frå Karina, som lurte på om eg kunne hjelpe til på Lisa Børud-konserten som skulle vere i Herøy kyrkje laurdag 20. oktober. Eg hadde jo ikkje noko anna å ta meg til, så eg sa at det kunne eg godt. I mitt stille sinn tenkte eg likevel at det kunne umogleg bli så fantastisk bra, det fins tross alt grenser for kor flink ein elleveåring kan vere å synge. Men der tok eg grundig feil! Heilt utruleg at ei så lita jente kan ha ei så rein stemme, og vere så scenevan. Det var ein veldig kjekk og underhaldande konsert, og i tillegg var det umogleg å ikkje bli sjarmert av dei fire barnekora som sang på nokre av songane. Etter konserten sat eg endåtil ilag med Lisa sjølv! Ho og systera skreiv autografar, medan eg og Karina selde CD-ar, DVD-ar og t-skjorter (For eit ord! T-skjorte!? Kan nokon forklare meg kvifor det heiter det?). Eg er herved fan av familien Børud, dei var skikkeleg trivelige!
Så no sit eg her, då. Skal eg skrive oppgåve om ein stemningsfull konsert som fann stad i Spektrum, med folk heilt frå Australia? Eller om noko litt meir “musikklinjeaktig” og norsk som Valkyrien Allstars? Eller kanskje om ein sjarmerande barnestjerne-konsert, med mykje liv og røre? Tida vil vise.
Denne vekas episode fekk meg til å strigråte. Ikkje berre går Debbie ifrå Phil, men Helen døyr! Det blei berre heilt feil. Heilt feil, altså! Ho kan jo ikkje berre DØY? Det verkar igrunnen som om det er slik det skal vere på Med hjartet på rette staden. Først kjem det ny politimann, så ny kvinnelig doktor, og etter mykje fram og tilbake blir dei gift. Så lev dei lykkeleg ilag ei stund, heilt til den vakre, kvinnelege doktoren døyr. Anten døyr ho av kreft eller døyr i ei ulukke av eit kvart slag, slik som brann og liknande. Eller så stikk ho av, men det er liksom det samme som å døy, det. Det er jammen ikkje noko rart at ein million nordmenn set av laurdagskvelden til å sjå dette programmet, når det har slik ein flott handlingsprogresjon! (Handlingsprogresjon er sikkert ikkje eit ordentleg ord, men eg synest det passa så fint inn, liksom)
Dei gongane episodene av Med hjartet på rette staden vert for harde for meg, og eg må ta til tårer, har det tidlegare vore berre éin ting som får meg til å føle meg litt betre: det er berre på film. Dette har vore den tankegangen eg har brukt for å stagge tårene. Men i dag var det heldigvis ein annan ting som også hjelpte meg: Løvebakken!
Eg takkar herved NRK for at dei sender eit hysterisk morosamt program som får ein til å gløyme absolutt alle bekymringar og triste tankar på ein laurdagskveld. Dersom du vil sjekke ut litt meir om Løvebakken, kan du sjekke ut den nyankomne linken i margen.
…men jammen kan dei å lage show! Det å vere med på opninga av Ormen Lange var hivens, sjølv om førebuingane var tidvis både keisame og kalde. Det mest morosame var definitivt dei kvite dressane, Torkjell, Torgeir og alle bileta. Og så pittelitt Olav også, fordi han gjorde nokre av bileta litt meir morosame enn dei allereie var.
Akkurat desse dagane -torsdag til laurdag- var det ganske kult, ja, faktisk endå kulare enn vanleg, å vere musikkelev, og ikkje allmenelev. IN YOUR FACE, Mr. and Mrs. Studiespesialiserande! Eg og nokre andre kom tilogmed på framsida av Møre, kledde i kvite dressar, dansande utanfor Aker Stadion. Kult, eller kva?
Dersom du vil lese meir om den spanande turen til Molde, og om sjølve opninga, kan du trykke her, her, eller her. Det er mykje enklare enn at eg skal skrive noko som allereie har blitt skrive.
Dette gler eg meg vilt til allereie!
Og forresten, så er det teit at det ikkje går an å skrive “Henriks” på nynorsk. Om eg nokon gong vert ein innflytelsesrik person, skal eg forandre på dette, trur eg.


Kommentarar