You are currently browsing the monthly archive for november, 2007.

ingvil.jpg

Laurdag 3. november arrangerte Merethe musikkterapiseminar, i samarbeid med Øystein Salhus. Digitalis var med som “støttespelarar”, og dette synest eg vi var ganske flinke til, når vi først kom. Vi kom nemleg for seint, heile gjengen, slik som Digitalis har for vane å gjere. Denne vanen har vi forøvrig endra på no, slik at vår kjære dirigent skal sleppe å vente så uendeleg lenge kvar måndag.

Men dette innlegget skal ikkje handle om vanane til Digitalis, det skal handle om det som skjedde i pausa vi fekk. Pausa varte frå ca. kvart på tolv til halv eitt, og eg og Henrik bestemte oss for å gå ned i den velkjende gata. Kristin hadde sikkert gått ilag med oss, hadde det vore for at ho spelte på laurdagskonserten i kyrkja. Men altså, Henrik og eg gjekk på “kjøpesenteret” i Volda, kjøpte oss litt mat, sette oss i gangen utanfor Euronics og ante fred og ingen fare. Etter ei stund høyrer eg plutseleg eit “OI, oisann!” frå Henrik: han stira mot rulletrappa. Eg snudde meg for å sjå kva som var kjelda for denne interjeksjonen, og kva trur du eg såg?! Jau, to kvite bjørnar, som attpåtil gjekk oppreiste. Ikkje rart Henrik følte for å oie litt! Desse bjørnane må ha vore mutasjonar frå den vanlege bjørnerasa, for dei var verken brunbjørn eller isbjørn, meir ei blandingsrase. Dei hadde kroppsform som brunbjørnar, men krittkvit pels. Prate kunne dei også, men eg trur ikkje dei kan ha vore spesielt inn i “menneskeverda”: bjørnane spurde om vi ville ha godteri. Vi nølte litt, for ein skal tross alt vere litt skeptiske til å snakke med framande bjørnar, men svarte ja til slutt, som vanleg høflegheit er. Dei putta labbane sine ned i ei korg, og vi høyrde kor plastikken knitra. Men opp av korga kom det korkje godteri eller anna søtsaker, det kom ein Sparebank-hals! Ein Sparebank-hals ser ut som alle andre halsar, berre at han er blå og så står det “Sparebank1″ på. Dersom nokon av ulike grunnar skulle lure på kva ein hals er, kan eg informere om at det er eit slikt multi-tøystykke som ein t.d. kan ha rundt halsen som eit skjerf, eller rundt hovudet som ei hue. Også kalla bøff, som sannsynlegvis eigentleg er engelsk, og skrivst “buff”. Men for all del, denne bøffen har vist seg å vere mykje meir praktisk enn først antatt, den funkar til dømes frykteleg fint når ein skal sykle rundt Rotevatnet i regnvêr! Dessutan, så har eg godtestreik, så det var igrunnen like greitt at eg ikkje vart freista til å bryte den.

Etter at desse usedvanleg ulogiske bjørnane hadde gått vidare, fortsette eg og Henrik med å sitje utanfor Euronics og ane fred og ingen fare. Men heller ikkje denne gongen skulle vi få fred, nei! Det kom nemleg ein heil gjeng med tidlegare leirdeltakarar som vi begge har vore leiar for, opp til fleire gongar. Det første dei sa etter “hei” var naturlegvis “DOKKE TO E KJÆÆÆRSTA!!!”. Dei har for vane å seie slike ting, desse leirungane. Vi avkrefta dette nokre gongar, og så sprang dei vidare, like overbeviste om at vi var kjærstar som før. Dei sprang forresten ned rulletrappa som gjekk oppover, dette var relativt underhaldande å sjå på.

Flott dag, altså! Kom tilogmed i Møre, Volda-avisa. Men så er jo Møre sannsynlegvis den einaste avisa i landet som klarer å lage forside-sak om at drilljenter får nye sko, og ikkje minst blant dei få avisene ein kan bruke til å leike “finn fem (skrive)feil” – på kvar einaste side. Det er med andre ord ikkje så vanskeleg å kome med i Møre, kan ein seie.