For eit par veker sidan såg eg oppfølgaren til Disney-filmen “Den lille Havfruen”, som er basert på eitt av H. C. Andersen sine eventyr. For dei få stakkarane som ikkje har sett verken den første eller den andre filmen, er hovudpoenga omlag slik: I den første filmen møter vi havfrua Ariel, som er dottera av kong Neptun (havets konge, faktisk). Ho er særs fascinert av menneskeverda, og endar opp med å få seg menneskekjærast, Erik, og blir til slutt menneske sjølv, gitt! I denne filmen er det sjøheksa Ursula som er the bad guy, men ho døyr naturlegvis. I oppfølgaren har Ariel og Erik fått ei dotter, Melody. Ho er særs fascinert av havet, og blir etter mykje om og men havfrue for ei stund. Medan ho er det, blir ho lurt av Ursula si søster, Morgana, til å stele den mektige forken (eller kjempegaffelen, om du likar det betre) til Neptun. Melody anar ikkje at Neptun er bestefar hennar, men når ho finn det ut, blir ho kjempelei seg og ordnar det slik at alt blir bra igjen. Morgana blir fryst inne i ei isblokk, og er dermed ute av leiken.
Dette med global oppvarming får vel born snart inn med morsmelka. Men kva skal ein gjere med filmar som denne, der skurken blir fryst inne i ei isblokk? Isen kjem jo til å smelte, og skurken blir før eller sidan fri. Skal ein lage endå ein oppfølgar, eller kanskje ein ny slutt, der skurken heller blir sett i ein ørken for å tørke inn? Kanskje litt for drøyt for små born, det er trass alt meir vennleg å berre fryse folk fast, for då er det ingen som seier at dei døyr. Døden er ein dårleg ting i dei fleste barnefilmar. I tillegg hadde det vore veldig sært å plutseleg hatt eit sceneskifte frå Atlanterhavet til Sahara…



2 comments
Comments feed for this article
januar 22, 2008 kl. 6:10 pm
Ingrid le
Las over sånn i full fart før eg kjører sta og går på ski, konklusjonen din fekk eg i alle fall med meg! Fantastisk;D
Eg likar best at det held seg kaldt, slik at eg får brukt skina mine!
februar 2, 2008 kl. 4:09 pm
Trude
Sers viktig poeng! Å fryse fast skurken er også litt på linje med å sei at det er storken som kjem med barn:p Barn blir skjerma veldig mykje når det gjeld disney, og disney er flink til å la barn sette i gang fantasien:) men så slår dei på barnetv og jubalong eller supershow lyser mot dei, haha, oddgeir, likt for alle!!!