Ingvil

Hei! Eg er Ingvil, og eg skriv namnet mitt utan D. Dette er ganske viktig for meg, så eg hadde sett stor pris på om du hugsa det utan å stadig kommentere det. På førehand, takk. (Nei, eg har ikkje tenkt å kappe hovudet av deg dersom du ikkje hugsar det.)

Når det var sagt, så vil eg gjerne tru at eg er ei nokonlunde normal taus (ikkje tøs, og her er det ein vesentleg forskjell) frå Søre Sunnmøre. Eg har vakse opp i Fosnavåg, og har igrunnen hatt det fint her. Eg er fødd 2. desember 1990, og på denne dagen blei Britney Spears 9 år, men det er uvesentleg. Stort sett er ikkje smilet mitt langt unna, og det er lettare å få meg til å smile enn å gjere meg sur. Direkte sint blir eg nesten aldri, så her må eg nesten gi litt kredit til min bror, Øystein, som har klart dette samanhengande i snart 17 år.

Eg går på musikklinja i Volda, og etter planen har eg fått generell studiekompetanse til sommaren 2009. Eg likar meg godt i Volda, og har flytta inn i ei søt, lita leilegheit her, etter å ha pendla i eitt år.

Eg likar fransk.