You are currently browsing the category archive for the 'Om meg' category.
I dag gjorde eg ei god gjerning berre ved å sitje. Eg sat faktisk heilt stille, og løfta berre beina litt.
Etter skule gjekk eg ilag med ei venninne, for å sjå korleis det såg ut på hybelen hennar. Der såg det forsåvidt ikkje ut, men det gjer ingenting, for det er slik det er på alle hyblar. Dessutan har det ikkje noko med saken å gjere, for den gode gjerninga gjorde eg før vi gjekk inn. Då vi kom til utsida av huset der ho bur, såg vi eit eldre par og ein bil. For å vere litt meir forklarande kan eg kanskje nemne at mannen sto med ein spade i hendene, og dama sat i ein bil som spann: dei hadde køyrd seg fast. Vi sa nikka og smilte, sa eit lite hei, og før vi visste ordet av det, hadde vi tatt på oss å hjelpe dei. Eg forberedte meg på at vi anten måtte måke snø eller skubbe bil, men den gang ei. Alt vi skulle gjere, var å setje oss i bagasjerommet. Etter å ha sete der eit par minutt, kom dama og joina oss, og vips var bilen fri! “Det var dagens gode gjerning,” sa dama og smilte. “Ja, det gjorde seg med litt vekt,” lo mannen.
Denne posten er inspirert av Lars, som igjen er inspirert av http://ingridalexandra.blogspot.com/2008/01/google-lek.html. Så takk til dokke to.
Denne “leiken” går ut på at ein søkjer på “Navnet ditt + er” i google, og skriv opp dei første 10 treffa. Interessant.
- Ingvil er ved godt humør.
- Ingvil er også billedkunstner, og bytter bare ut penselen med pennen, når hun skriver sine sanger.
- Det er difor logisk at INGvil er regelrett (Oi, dette var faktisk om meg sjølv!)
- Ingvil er først og fremst en multikunstner.
- Bedriften Opperud Ingvil er lokalisert i Hurdal kommune i Akershus fylke.
- Ingvil er 25 år og kommer opprinnelig fra Mandal i Vest-Agder.
- Når Ingvil er svolten, eller har lyst på noko godt, trur eg dette står i hovudet hennar: (bilete av ein slags youghurt, trur eg).
- Bildet av Ingvil er ment som en illustrasjon til undersaken “Bedre miljø på skolen”.
- Ingvil er søskenbarnet mitt på 15 år.
- Åh, Joakim, Ingvil er snill og flink til å lære bort det hun kan.
- lærte kva ein Umbraco-nøkkel er.
- fekk stipend for første gong, og byrja å ta ansvar for eigen økonomi.
- nok ein gong ikkje reiste til Førde.
- var på adventsfest i Dalsfjorden.
- byrja å dirigere eit barne- og ungdomskor med 70 medlem.
- forsto korleis ein knyter slipsknute.
- var på Mallorca.
- oppretta blog.
- las Jane Eyre.
- byrja å like å bruke pengar på CD-ar.
- feira 17. mai i Volda.
- fekk min første reine seksar på ein norskstil.
- såg ein heil sesong av Scrubs på under 24 timar.
No har skule starta på igjen. Dette er noko mange ser på som dumt, men eg for min del synest dette er heilt fantastisk. Eg har sakna Volda, og endeleg blei mine sterke abstinensar etter eit ordentleg sosialt liv utfylde! Og no har eg altså budd mi første veke på hybel også, kanskje Ingvil held på å bli vaksen? (med trykk på “kanskje”)
Kjekke ting som har skjedd/skal skje denne hausten:
- Vi fekk Liss-Hege i norsk, woho!
- Eg har framleis motivasjon til å gjere skulearbeid, sjølv etter ei veke på skule, dette må vere rekord!
- Eg treng ikkje lenger å stå opp kvart over fem om morgonen.
- Eg kan velje om eg vil gå, sykle eller ta buss til skulen.
- Eg får bestemme kva eg vil ha til middag, kva eg vil sjå på TV og når eg vil legge meg. Hurraaa!
- Eg skal byrje å dirigere Sør-Krasp ilag med Sunniva.
- Henrik fyller år, og skal ha “selskapet” med meg, sjølv om der ikkje er plass.
- Matematikkfaget er på same nivå som det var på i fjor.
- Eg kan vere med på ting etter skulen i Volda utan å måtte ha nødovernattingar.
Mindre kjekke ting som har skjedd/skal skje denne hausten:
- Eg må ta oppvasken sjølv.
- Hybelkaninene har allereie starta å formeire seg.
Som vi alle ser, består livet mitt stort sett berre av positive ting. For eit skuleår dette blir, altså!
NB! Gratulerer sååå mykje med 17-års dagen din, Henrik!
Hjerna mi fungerar tidvis veldig rart. Spesielt når det gjeld assosiasjonar. Det første eg tenkjer på når nokon seier “Shakira”, til dømes, er boka “Momo” av Michael Ende. Logisk, ikkje sant? Ja, faktisk, ifølge mitt hovud. Sjå berre her: Då eg las Momo, høyrde eg på ein spesiell CD veldig mykje, der nr. 2 eller 3 var songen “Whenever, Wherever” av Shakira, og eg høyrde mykje på den songen medan eg las. Easy as that.
Eit anna eksempel er forresten “gjørme”. Eg kjem for alltid til å kople “gjørme” med “Camilla”. Ikkje fordi ho er spesielt gjørmete, men fordi vi var litt uheldige her ein dag, og gjekk heilt feil over ei mark. Resultatet ser du her:
Så slik funkar altså mi brilliante hjerne (nokon vil kanskje påstå at “brilliant” og “Ingvil si hjerne” ikkje burde vere i same setning, men det får så vere). Med andre ord: Dersom eg plutseleg blir litt fråverande midt i ein samtale, har du nesten garantert sagt noko som hjerna mi koplar med noko heilt anna.
I går kom eg heim etter å ha vore ei veke på Mallorca. Eg hadde aldri vore der før, men før eller sidan må ein vel berre dit. Eigentleg har eg ikkje så mykje å fortelle, anna enn at eg hadde det veldig fint. Eg reiste ilag med mor mi, mormora mi og søskenbarnet mitt, Kristin. Der var stort sett fint vêr, og vi blei sjølvsagt solbrende, alle saman. Men slikt kan ein leve med, det går tross alt over etter eit par dagar.
Dette var mi aller kortaste utanlandsreise nokon gong. Einaste unntaket kan vere i 95 og 96, då vi berre var i Sverige og Danmark, men dei feriane hugsar eg absolutt ingenting av. Familien Håberg har hatt for vane å reise ganske langt på ferie, og helst i bil. Vår kjære jamaica-blå Volkswagen Caravelle har køyrt X antal mil gjennom nesten heile Europa, fullstappa med ungar, bagasje, puter og dyner.
Ei lita og ekstremt unøyaktig oversikt over utanlandsturane mine:
- 97: Italia (Porto Garibaldi)
- 98: Lanzarote
- 99: Italia (Porto Garibaldi)
- 00: Storbritannia og Danmark
- 02: Italia
- 03: Estland, Latvia, Litauen og Polen
- 04: Sveits og Østerrike
- 05: Rhodos (+ dagstur til Tyrkia) og skuletur til Polen og Tyskland
- 06: Frankrike (Paris), Andorra, Spania og Portugal (Carcavelos)
- 07: Mallorca (Alcudia)
Til saman har eg vore i 34 statar, men har enda ikkje vore utanfor Europa sine grenser. Dette skal eg etterkvart gjere noko med, men først og fremst er målet mitt å besøke alle land i Europa.
Vel, då har eg òg laga min eigen blogg. Kanskje på tide, når eg tenkjer meg om. I dette aller første blog-innlegget skal eg prøve å skrive litt om meg sjølv, men det er slettes ikkje sikkert at dette blir nokon suksess.
Familie
Namnet mitt har du forhåpentlegvis fått med deg, så vi hoppar over den biten. Eg blei fødd 2. desember 1990, og opererer difor ofte med “… og eit halvt” når eg skal fortelle kor gammal eg er. Det er i bunn og grunn ganske tåpeleg, men eg gjer det likevel. Eg har ei mor og ein far, tre eldre brør og drøssevis med hybelkaniner (og fleire skal det bli). Vi bur litt utanfor Fosnavåg “sentrum”, men halvparten av oss har flytta ut og busett oss på litt meir siviliserte plassar. Eg har forresten fire besteforeldre også, to i Volda og to her heime.
Skule
Eg går på skule i Volda. No er eg ferdig med eitt år på musikklinja, og etter berre ei veke med ferie, vil eg tilbake. Ikkje fordi at det å gå på skule er så frykteleg kjekt, men eg har alltid likt meg i Volda, og likar med berre betre og betre. Dette mykje takka vere mi kjære kusine, Kristin (det nærmaste eg kjem ei søster), og elles stort sett kvar einaste person eg kjenner i Volda-Ørsta-området.
Interesser
Det fell seg vel naturleg å skrive musikk her. Eg har spelt piano ca. like lenge som eg har gått på skule. Dessverre var ikkje pianolæraren min like streng med leksene som alle andre lærarar var, så eg er ikkje på langt nær så god som eg kanskje kunne ha vore. Elles har eg alltid sunge i kor, og gjer det framleis. Har til og med stige litt i gradene og byrja med dirigering (framleis på lavt nivå, men det kjem seg).
Personar eg vil nemne berre fordi eg har lyst
Miriam Johanna, den einaste som hadde ledd om eg hadde sagt “du he hår!”, og den aller beste eg veit om.
Ingrid, eit must på leir, og ellers blant verdens beste menneske.
Henrik, min framtidige ektemann (visst morfar får det som han vil), og ein av mine beste venar.
Veronica, mi redning når eg er uoppdatert på ting som skjer, og elles nesten den einaste som ikkje hånar meg for “18,5 i gjennomsnitt”.





Kommentarar