You are currently browsing the category archive for the 'Skule' category.

Om eg ikkje hugsar feil, er det denne overskrifta WordPress bruker i bloggpost-malen sin. Eg bruker den for å informere om at eg framleis er i live, og lev i beste velstand. Bloggen min er også i live, forresten, men om han lev i beste velstand, kan vel diskuterast. Over til noko anna, noko lite originalt; eksamenstid. Eg reknar med at mange av mine medbloggarar allereie har skrive om dette temaet, men det er jo viktig å følge straumen, så eg gjer det, eg òg. Eg har ikkje kome opp i skriftleg, noko som vil seie at eg på komande tirsdag har munnleg eksamen, mest sannsynleg i eit musikkfag. På fredag får eg vite kva fag det blir, og så har eg heile helga + mandag å bruke på lesing. Dette er flotte greier, og dei velkjende eksamensnervane er per dags dato ikkje-eksisterande for meg. I skrivande stund er livet fantastisk: eg har vore ilag med gode vener dei siste 36 timane (ja, kontinuerlig), sett EM-kampar, Home and Away og eit par, tre gode filmar, i tillegg til å ha ete ufatteleg mykje god mat! Her på Sunnmøre høljar det ned, men sidan det høljar endå meir ned i Sveits og Austerrike, gjer ikkje dette så mykje; humøret er på topp likevel! Sidan det i forrige var sol, hadde vi fjelldag på skulen (må berre nemne at eg, Henrik og Trude vann kvar vår sjokolade i norsktimane vi hadde før fjelldagen, fordi vi var smartast). Denne dagen var det, for å setje det litt på spissen, fullt av lekre mannfolk i bar overkropp overalt kor eg gjekk. Eg tok også mitt første utandørsbad i Noreg i år! Dagen etter gjorde eg akkurat det same ilag med bror min; gjekk på fjellet først, bada etterpå. Deilig ting å gjere, skal gjerast meir når finvêret kjem att!

Dinglavatnet

Eg og Camilla tok også årets første snøbad!

(Dette var berre eit lite, positivt blogginnlegg frå mi side, for å prove at eg ikkje har forsvunne heilt.)

Eg skal skrive konsertkritikk. Innleveringsoppgåve i musikkformidling. Problemet er at eg plutseleg ikkje har berre ein konsert å skrive om, for i haust har liksom konsertlivet mitt tatt litt av. Iallefall i forhold til resten av livet mitt. Først var det, som tidligare nemnt, konserten i sjølvaste Oslo Spektrum. Det var denne eg først tenkte eg skulle skrive om, i og med at eg ikkje trudde eg skulle på fleire konsertar, iallefall ikkje fleire skikkelege konsertar. Men der tok eg sanneleg feil, gitt!

Forrige måndag, for vél ei veke sidan, spurte Kristin om eg ville vere med på Valkyrien Allstars-konsert. Eg var litt skeptisk, men heldigvis har Kristin ei god overtalingsevne, så ho fekk bestille billettar. Kvelden etter var vi difor på Ørsta kulturhus, og opplevde ein heidundrades flott konsert! Valkyrien Allstars kan jammen å spele, altså. Vannvittig kult! Etter denne konserten tenkte eg at no kunne eg kanskje skrive om denne konserten istaden, og så berre bli ferdig med den innleveringsoppgåva. Men det var fleire konsertar i vente for meg!

Onsdag kveld i forrige veke fekk eg ein smådesperat telefon frå Karina, som lurte på om eg kunne hjelpe til på Lisa Børud-konserten som skulle vere i Herøy kyrkje laurdag 20. oktober. Eg hadde jo ikkje noko anna å ta meg til, så eg sa at det kunne eg godt. I mitt stille sinn tenkte eg likevel at det kunne umogleg bli så fantastisk bra, det fins tross alt grenser for kor flink ein elleveåring kan vere å synge. Men der tok eg grundig feil! Heilt utruleg at ei så lita jente kan ha ei så rein stemme, og vere så scenevan. Det var ein veldig kjekk og underhaldande konsert, og i tillegg var det umogleg å ikkje bli sjarmert av dei fire barnekora som sang på nokre av songane. Etter konserten sat eg endåtil ilag med Lisa sjølv! Ho og systera skreiv autografar, medan eg og Karina selde CD-ar, DVD-ar og t-skjorter (For eit ord! T-skjorte!? Kan nokon forklare meg kvifor det heiter det?). Eg er herved fan av familien Børud, dei var skikkeleg trivelige!

Så no sit eg her, då. Skal eg skrive oppgåve om ein stemningsfull konsert som fann stad i Spektrum, med folk heilt frå Australia? Eller om noko litt meir “musikklinjeaktig” og norsk som Valkyrien Allstars?  Eller kanskje om ein sjarmerande barnestjerne-konsert, med mykje liv og røre? Tida vil vise.

…men jammen kan dei å lage show! Det å vere med på opninga av Ormen Lange var hivens, sjølv om førebuingane var tidvis både keisame og kalde. Det mest morosame var definitivt dei kvite dressane, Torkjell, Torgeir og alle bileta. Og så pittelitt Olav også, fordi han gjorde nokre av bileta litt meir morosame enn dei allereie var.

Torkjell, Torgeir, Olav

Akkurat desse dagane -torsdag til laurdag- var det ganske kult, ja, faktisk endå kulare enn vanleg, å vere musikkelev, og ikkje allmenelev. IN YOUR FACE, Mr. and Mrs. Studiespesialiserande! Eg og nokre andre kom tilogmed på framsida av Møre, kledde i kvite dressar, dansande utanfor Aker Stadion. Kult, eller kva?

Dersom du vil lese meir om den spanande turen til Molde, og om sjølve opninga, kan du trykke her, her, eller her. Det er mykje enklare enn at eg skal skrive noko som allereie har blitt skrive.

I går hadde vi felles songtime. Det var først veldig skummelt, og så var det berre kjekt. Alle var dødsflinke, og eg blei reint sett ut av nivået. Kjempegøy!

I dag fekk eg gratis middag, spandert av skulen. Ikkje så dumt å spandere pizza og brus på alle oss stakkars hybelbuarar, som knapt har råd til det så ofte omtala daglege brødet. Vi får også bli kjende med andre som har forvilla seg på hybel til uoversiktlege Volda, og det er jo alltid greitt å kjenne mykje folk der ein bur.

Det aller, aller kjekkaste med desse to tinga, er likevel allsongen, som vår alles kjære Merethe Welle så livlig dreg i gang! Ho prøver iallefall, og det er jo det som tell. Tross alt er det kanskje litt lettare å få 7 songelevar til å synge høgt, enn ein gjeng med sjenerte ikkje-musikkelevar, liksom. Men kjekt er det likevel.

Eg kan herved stadfeste at både felles songtimar, hybelbuarkveldar og allsong er klare ja-ting.

Eg kjem aldri til å bli nokon god komponist. Anten det gjeld blues, jazz, klassisk, pop eller rock. Det er berre å innsjå det. Mitt musikalske talent går igrunnen ikkje lenger enn til å spele det som står på notane, og eg har klart meg fint med den kunnskapen heile livet. Fram til no. Eg har forresten aldri vore nokon improvisasjonist heller, og det har heller ikkje vore noko problem for meg. Fram til no. Leksa mi er nemleg å lage eit 12-takters blues-skjema, og for ein person med mine begrensingar er dette ei ganske uovervinneleg oppgåve. Æsj.

Så her sit eg då, frustrert og irritert over å ikkje få til dette blues-skjemaet. Eg har bestemt meg for at eg utsett oppgåva pittelitt til, fordi eg har anna lekse som må gjerast, og fordi eg sit heilt bom fast. Etter å ha skrapa ihop sju takter som slettes ikkje liknar på blues i det heile, tek eg meg rett og slett ei lita pause. I teorien burde denne oppgåva vere ganske lett for meg, men så er det no ein gong slik at teori og praksis ikkje er det same. Eg likar teorien, eg. Han er der berre, klar til å lærast bort til kven som måtte trenge det. Stabil og uforanderleg (iallefall nesten). Praksisen derimot, har som hobby å gjere at eg ikkje får til ting. Tankegangen min blir difor særs ofte som følgjer når eg får oppgåver som er lette i teorien, men litt vanskelegare i praksis:

1. JESS, dette er jo kjempelett!

2. Ok, denne oppgåva skal eg vel klare ganske greitt, vil eg tru.

3. Æsj, eg får ikkje til dette. Help, anybody?

Alt dette er litt små-deprimerande, spesielt sidan det virkar som om alle andre kan hive ihop ein blues på null komma niks! Eg vurderer alltid å søkje meg over til engelsk etter at eg nok ein gong ikkje har klart å lage eit patetisk blues-skjema (dvs. ca. 2-3 gongar hittil i år, noko som kanskje ikkje er så ille, likevel). Eg vurderer det, heilt til eg kjem på at sjansane for at det einaste eg skal gjere dei neste to åra er å lage blues, er relativt liten. Håper eg. Inderleg.

I tillegg til å vere dårlig på komponering, er eg dødsdårleg når det kjem til det å ha på dynetrekk.